Hopp til innhold

Dette biletet hugsar ikkje Delaney (19) – kasta opp ei heil veke

Den historiske konkurransen er så farleg at helsepersonell blir nekta å vere til stades. For kanadiske Delaney Irving enda det i sjokksiger, mediekøyr og eit smertehelvete.

Delaney Irving

HUGSAR IKKJE: Delaney Irving kan ikkje hugse at ho har feira sigeren med osten over hovudet.

Foto: PRIVAT / NTB / AP PHOTO / KIN CHEUN

– Eg skulle så gjerne ha sagt «ja», at eg kjem til å delta igjen, men eg trur eitt løp er nok for meg, seier Delaney Irving til NRK.

Du har garantert sett bileta før. På YouTube, sosiale medium eller på slutten av Kveldsnytt: Fleire titals menn og kvinner som spring ned ei stupbratt bakke i jakta på ein trekilo tung ost.

Pictures of the Week-Global-Photo Gallery

KASTAR SEIG UTFOR: Folk frå heile verda kjem til Glouchestershire for å jakte ein ost som rullar i opp mot 100 kilometer i timen ned bakken.

Foto: Kin Cheung / AP

Det offisielle namnet på konkurransen er Cooper's Hill Cheese Rolling, men arrangementet er på ingen måte offisielt.

Ekstremsport-konkurransen er nemleg så farleg at politiet tidlegare har prøvd å stoppe han, ifølgje Yahoo. Lokale styresmakter har, som følgje av «tryggingsbekymringar», også bestemt at helsepersonell og nødetatar ikkje får vere til stades, skriv lokalavisa Gloucestershirelive.

Det hindrar likevel ikkje konkurranselystne frå heile verda frå å reise til Cooper's Hill i landsbyen Brockworth i britiske Glouchestershire for å kjempe om heider, ære – og ost.

  • Sjå Nicolay Ramm og Mikkel Niva delta i osteløpet her
Nicolay Ramm og Mikkel Niva manner seg opp til å delta i «verdens mest idiotiske sport» – det halsbrekkende osteløpet ved Cooper’s Hill i England.

Nicolay Ramm og Mikkel Niva mannar seg opp til å delta i «den mest idiotiske sporten i verda» – det halsbrekkande osteløpet ved Cooper's Hill i England.

– Framleis i sjokk

For 19 år gamle Delaney Irving, som tilfeldigvis var på ferie i England då konkurransen vart arrangert i sommar, vart turen ned bakken heilt spesiell.

I debuten overraska kanadiaren alle og danka ut både favorittar og veteranar i kvinneklassen.

– Eg er framleis i sjokk over at eg vann løpet. Eg hadde visst om konkurransen ei stund, far min pleidde å vise søskena mine og meg klipp av folk som deltok, og eg har alltid synst det ser morosamt ut, seier ho og legg til:

– Kven hadde trudd at eg skulle delta – og vinne konkurransen?, seier Irving.

Bileta av Irving har seinare gått verda rundt. Ikkje fordi ho vann, men på grunn av den bisarre måten det skjedde på.

Delaney Irving

PÅ FERIE: Delaney Irving var tilfeldigvis på ferie i Storbritannia under årets osteløp. Ho bestemde seg der og då for å delta.

Eldgammal tradisjon

Få, om nokon, har meir erfaring frå den spesielle tradisjonen enn Jem Wakeman. Han er ein av to arrangørar og blir kalla «Mastar of ceremony».

Wakeman fortel at opphavet er noko uvisst, men hevdar at tradisjonen stammar heilt tilbake til det 11. hundreåret.

Jem Wakeman

SJEFEN SJØLV: Jem Wakeman har fått tittelen «Master of cheese».

Foto: Nils Fredrik Røren / NRK

Ein teori er at det først handla om kampen for rettar, ein annan at det først vart kasta brennande kratt utfor ei skråning, for å markere starten på eit nytt år etter vinteren.

Det som er heilt sikkert er at grasbakken kan sjølv få dei mest hardbarka folka til å skjelve. BBC skriv at skråninga er på vanvitige 45 grader og at osten kan få ein fart opp mot 100 kilometer i timen.

– Ingen har døydd, seier Wakeman til NRK.

Han har sjølv har delteke 28 gonger. Det har resultert i smellar i hovudet og ei vond skulder. Mellom anna.

– Vi prøvar å gjere det så trygt som vi kan. Men korleis kan vi gjere ein sport som dette trygg?, seier han og peikar på bakken.

APTOPIX Britain Cheese Rolling

STUPBRATT: Det ser kanskje ikkje så bratt ut, men skråninga er ifølgje BBC på heile 45 grader.

Foto: Kin Cheung / AP

Delaney Irving fortel at ho nesten vart uvel av nervøsitet då ho stod på toppen.

– Bilete og videoar yter ikkje den bakken rettferd. Då eg stod på toppen, kunne eg ikkje sjå bakken med mindre eg var rett på kanten. Så bratt er han, seier ho.

ANKELBROT: Me åtvarar mot sterke scener i dette klippet.

Slått medvitslaus – gjekk viralt

Også denne gongen vart konkurransen prega av skadar. Ettersom det ikkje er helsepersonell til stades som på andre idrettsarrangement, må arrangøren tilkalle ambulanse og politi for kvar gong ein alvorleg skade oppstår.

Ifølgje BBC vart éin av deltakarane sende til sjukehus. Irving kunne fort lidd same lagnad.

Like før 19-åringen nådde målstreken, small ho hovudet hardt i bakken. Deretter rulla ho medvitslaus over målstreken – og inn til siger.

– Eg vart fortald at eg var medvitslaus i to minutt, men eg hugsar ingenting frå dei første ti minutta etter fallet. Det er bilete av meg etter at eg kom til medvit, medan eg heldt osten i vantru. Eg hugsar ikkje dei augneblinkane i det heile, innrømmer ho.

dRRMET7oNk4

SLÅTT MEDVITSLAUS: Me åtvarar mot sterke scener i dette klippet. Delaney Irving slo hovudet kraftig mot slutten av bakken. Kanadiaren seier at ho har eit hol i minnet på ti minutt. Videoen er henta frå Heilt Ramme sportar.

Irving opplevde at dei frivillige var bekymra for henne etter løpet. Dei skal ha ringt ambulansen, men stoppa den då ho byrja å hugse igjen.

Irving meiner det er eit mirakel at ho ikkje vart alvorleg skadd.

– Eg hadde mykje kutt og blåmerke på heile kroppen som gjorde det vondt å gå. Eg hadde også ei heftig hjerneristing som gjorde at eg kasta opp og var svimmel i ei veke, seier Irving.

Eit enkelt søk på namnet «Delaney Irving» viser at den spesielle sigeren har skapt overskrifter over heile kloden. Store medium som BBC, CBC News, The Guardian og Yahoo News har skrive om henne.

– Veka etter at eg vann gjorde eg mange intervju for TV-program, aviser og nettstader. Det var sprøtt at alle desse folka veit kven eg er. Då eg kom heim til Canada, var det nokon som kjende meg igjen på jobb og andre stader, og dei gratulerte meg og stilte meg spørsmål om løpet. Det har vore ei veldig kul oppleving, seier ho.

Sportsnyheter

Alexander Stöckl

Alexander Stöckl opnar opp om avskjeden: – Håpar det berre blir stille

Alexander Stöckl var landslagstrenar i ein av dei mest suksessrike periodane for hopplandslaget nokosinne. Han peikar på ei utvikling i rolla som grunn til avskjeden.

Siste nytt

  • Ronaldo satte scoringsrekord i Saudi-Arabia – slo tidligere Aalesund-helt

    Cristiano Ronaldo satte mandag rekord i antall scoringer i én og samme ligasesong i saudiarabisk fotball. Den gamle bestenoteringen tilhørte en Norge-kjenning.

    Ronaldos to scoringer i Al-Nassrs 4-2-seier hjemme mot Al-Ittihad gjør at portugiseren endte på 35 fulltreffere i den saudiarabiske ligaen denne sesongen.

    Ingen har scoret flere mål i ligaens historie. Den gamle sesongrekorden tilhørte tidligere Aalesund-spiller Abderrazak Hamdallah og stammet fra 2018/19-sesongen.

    Ronaldo ble toppscorer med god margin. Tidligere Fulham-spiller Aleksandar Mitrovic fulgte til slutt nærmest med 27 scoringer. Nevnte Hamdallah endte som nummer tre med 19.

    zb2vA3acc0M
    Foto: NTB
  • Joshua King ferdig i den tyrkiske fotballklubben Fenerbahce

    Joshua King er ferdigspilt for tyrkiske Fenerbahce etter to år i klubben. Laget ble nylig nummer to i ligaen.

    King bekrefter på Instagram at han ikke forlenger sin kontrakt.

    – Tiden min i klubben er dessverre ved veis ende. I fotballen er det oppturer og nedturer, og skadene mine har hindret meg i å gi dere fans det jeg planla da jeg signerte for denne fantastiske klubben. Det beklager jeg, skriver King.

    Han scoret to mål på 16 kamper denne sesongen.

    Spissen dro fra Watford til Fenerbahce sommeren 2022. Før det hadde han spilt for blant andre Manchester United, Bournemouth og Everton.

    Fotball: Trening med Norges herrelandslag
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Utrolig Stabæk-kollaps: Ledet 4-0 - tapte 4-5

    Etter 56 minutter så det ut til at Stabæk var på vei mot en storseier hjemme mot nyopprykkede Egersund i 1. divisjon mandag kveld.

    Da hadde akkurat Rasmus Eggen Vinge lagt på til 4-0 for hjemmelaget, men så snudde kampen totalt. Egersund scoret i det 61. minuttet, 69. minuttet, 71. minuttet og utlignet så i kampens 87. minutt.

    Tre og et halvt minutt på overtid var den utrolige snuopphentingen et faktum, da Henrik Elvevold scoret kampens siste mål og sørget for at bortelaget på utrolig vis vant 5-4.

    – Dette er det villeste comebacket i norsk fotball i 2024, sa TV 2s fotballekspert, og tidligere Stabæk-spiller, Yaw Amankwah, på kanalens studiosending.

    – Har sett mye i fotball, men aldri det på Nadderud i kveld. Egersund snur 0-4 til 5-4 på en halv time. Største comeback siden Bent Leikvoll, skriver fotballekspert Lars Tjærnås på X, med referanse til Atle Antonsen-karakteren kjent fra «Nissene på låven».

    Stabæk-trener Bob Bradley beklaget til fansen etter kampslutt, og forklarte kollapsen med at de ikke klarte å beholde roen da Egersund desperat jaktet scoringer den siste halvtimen.

    – Jeg sa til dem (fansen) at vi skuffet dem. At vi ønsket å fortsette med å spille fotball, men når spillere blir slitne, så må vi finne måter vi kan forsvare oss bedre på, sier Bradley til lagets X-konto.

    Med mandagens seier er Egersund på andreplass i 1. divisjon, mens Stabæk er fem poeng bak på åttendeplass. Egersund er tre poeng bak ligaleder Kongsvinger med én kamp mindre spilt.

Sendeplan

Kl. Program Kanal