Hopp til innhold

Trygger Litauen med dronar og maskingevær

Det kan sjå ut som eit leiketøy. Men dronen Sebastian sender opp i lufta er norske auge i lufta over Litauen. I krig kan det spare liv.

soldater-litauen-280923-

Dronesoldat Sebastian kastar ein Puma-drone opp i lufta i eit øvingsfelt i Litauen. – Dei seier at vi skal kaste flyet rett fram, men om det er lite vind skrår eg det gjerne litt oppover, seier han.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

«Klikk!»

Sebastian fester vengene til skroget på det som ser ut som eit modellfly. Så løfter han det opp og held det i armane.

Det er god launch-vind, seier oversersjant Erik Staff, lagførar for dronelaget.

Propellen snurrar rundt, Sebastian spring framover, strekkjer armane sine opp og kastar det sju kilo tunge flyet opp og fram. Så stig det for eigen maskin opp mot den blå himmelen over øvingsfeltet ved Pabradè i Litauen.

Klart for utskyting

Må ta rennefart for å få dronen i lufta.

Video: Håvard Greger Hagen / NRK

Skal vise forsvarsvilje

Dei 150 norske soldatane i Litauen er med i Nato-innsatsen Enhanced Forward Presence (EFP) i Polen og dei baltiske landa. Tiltaket inneber at Nato-landa har plassert ut større militære styrkar der enn før. Det skal vise at Nato er villig til å forsvare territoriet til heile alliansen.

– Vi skal vere ein ekstra tryggleik i forsvaret av Litauen om det skulle vere nødvendig, seier Harald Moesødegård, seniorrepresentant for den norske styrken i landet.

Major Harald Moesødegård, norsk seniorrepresentant for den norske Nato-styrken i LItauen høsten 2023

– Vi merker veldig godt at vi er næ

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Litauen var tvungen inn i Sovjetunionen i nesten femti år. I 1990 var landet den første av sovjetrepublikkane som reiv seg laus. Og dei norske soldatana her merker godt at dei er nærare krigen i Ukraina, både geografisk og mentalt. Det ikkje langt mellom ukrainske flagg, og i fronten på bybussane i hovudstaden står det at «Vilnius elskar Ukraina».

– Her har foreldre og besteforeldre opplevd på kroppen å vere under sovjetisk styre for ikkje så veldig lenge sidan, seier Moesødegård.

Ifølgje Forsvarsdepartementet brukte Noreg i fjor 246 millionar kroner på innsatsen i Litauen og den kjem til å koste omtrent like mykje i år.

Soldatar frå dronelaget hos den norske Nato-styrken i Litauen.

Frå desse to køyretøya styrer soldatane dronane i lufta over Litauen.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Styrer frå baksetet

I Litauen er 150 norske soldatar med i ein fleirnasjonal Nato-styrke. Treningsområdet ved Pabradè er ikkje langt frå Belarus, eit land der regimet er alliert med Russland.

Droneoperatør Elen Sofie Skatval og lagfører for dronelaget, Erik Staff styrer dronen fra baksetet i en pansret bil.

Droneoperatør Elen Sofie Skatval og lagførar Erik Staff.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Inne i eit pansra køyretøy sit lagførar Erik Staff og droneoperatør Elen Sofie Skatval i baksetet. Herifrå styrer dei dronen, som no er litt over ein kilometer unna.

Erik har halde på med dronar i Forsvaret sidan 2015. 20 år gamle Elen fekk opplæring som droneoperatør under førstegongstenesta heime i Noreg. Den var ho nyleg ferdig med, og så verva ho seg for eit halvt år til oppdraget i Litauen.

Droneoperatør Elen styrer dronen med denne skjermen frå baksetet i eit pansra køyretøy.

Droneoperatøren styrer dronen frå baksetet i eit pansra køyretøy.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Dronar er spennande fordi det er noko litt nytt og noko som blir satsa på, seier ho.

Dronelaget skal vere sikring for ein kolonne som skal ta seg fram for å etterforsyne nokre patruljar.

– Vi skal gjennom eit område med høgare risiko. Difor skal vi stille med dronar i forkant av kolonnen, seier Staff. .

Dette er et bilde av en liten kolonne med norske militøre kjøretøy i øvingsfeltet i Pabradé i Litauen. Bildet er tatt styrkens egen drone.

Dette er et bilde av ein liten kolonne med norske militære køyretøy i øvingsfeltet i Pabradé i Litauen. Bildet er tatt styrkens egen drone.

Foto: Forsvaret

– Gammal teknologi

Dronen dei bruker er av typen «Puma II». Den ser ut som eit stort modellfly og må kastast opp i lufta. Pumaen kan sendast to mil av garde og kan vere i lufta i to-tre timar før batteriet må bytast.

– Teknologien begynner å bli gammal, men vi utnyttar han godt, seier Erik Staff.

I øvingsområdet i Litauen er det mykje furuskog som er vanskelegare å sjå igjennom enn dronesoldatane er vande med heimafrå.

Erik styrer løysinga av oppdraget, mens Elen styrer dronen og dei tre ulike kamera: Eitt for bruk i dagslys, låglyskamera og eit varmesøkjande..

Solvor er lastebilsjåfør med maskingevær

Som ein del av treninga oppdagar dronelaget plutseleg fiendtlege soldatar framfor kolonnen med norske lastebilar. Mannskapet i bilane blir nøydde til å skyte.

Solvor Oma skyt skarpe skudd med maskingevær frå ein lastebil. Ho tilhører Nato-styrken i LItauen, kontingent nr 14, hausten 2023.

Solvor Oma skyt med maskingevær frå toppen av førarhuset på ei lastebil i ein støttetropp. – Vanlegvis køyrer eg lastebil og gjer ikkje dette så ofte. Men vi må kunne skyte for å forsvare oss, seier ho.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

19 år gamle Solvor Oma er vanlegvis sjåfør, men no står ho opp gjennom taket på førarhytta og skyt med maskingevær, salve etter salve, med skarpt.

Oversersjant Erik Staff frå dronealget viser fram den vesle Black Hornet-dronen som berre veig 17 gram. Den er utvikla og produsert i Noreg.

Hæren bruker og den vesle Black Hornet-dronen som berre 17 gram. Han er utvikla og produsert i Noreg.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Skal kunne vere inne på fiendtleg område

Dei norske soldatane utgjer ei lett utrusta oppklaringsavdeling med støttefunksjonar.

– Vi skal kunne operere på djupet av fiendtleg område. Då kan dronar brukast for å hente inn informasjon om fienden sine grupperingar bak fronten. Dei kan brukast anten sjølvstendig for raskt å kunne hente inn informasjon om fienden eller terrenget, eller saman med patruljar til fots, seier rittmeister Johan Hultén. Han er ekskadronssjef for den norske styrken.

Eskadronssjef for den norske EFP14, Nato-styrken i Litauen, rittmester Johan Hultén.

Om det lar seg gjere, vil vi alltid bruke drone til rekognosering først, seierekskadronsjef Johan Hultén.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Soldatane er ikkje i tvil; ved å halde utkikk med dronar, kan dei spare liv i ein krig.

Dronane hentar raskt inn informasjon og dei reduserer risikoen soldatane utset seg for.

– Dersom vêret tillèt det, og det elles lar seg gjere, vil vi alltid bruke dronar til å utforske eit område før vi sender soldatar inn, seier Hultén.

Etter kvart skal Hæren ha til saman ti dronelag med denne typen dronar, og kvar bataljon to kvar. I tillegg skal det vere bitte små dronar av typen «Black Hornet» i kvart lag i Hæren, eller i det minste i kvar tropp

Lagførar Erik Staff synest det er givande å gjere teneste i Litauen.

– Vi er her som soldatar, men vi er òg her som menneske, seier han.

Lagførar for dronelaget, Erik Staff.

Oversersjant Erik Staff har halde på med dronar i Forsvaret sidan 2015. No er bergensaren lagførar for dronelaget i Litauen.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

AKTUELT NÅ