Hopp til innhold

Måtte kaste nærare sju tonn med bakarvarer etter straumbrot

Eit straumbrot førte til at Bakehuset sitt bakeri i Brumunddal måtte kaste nærare sju tonn med mat.

Bakeriet måtte kaste 7 tonn med mat.

STRAUMBROT: Bakehuset sitt bakeri i Brumunddal var utan straum fleire timar. Det fekk store konsekvensar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er alvorleg. Det er store verdiar som gjekk tapt, seier administrerande direktør i Bakehuset, Øystein Halvorsen.

Fredag førre veke gjekk straumen på bakeriet i Brumunddal. Der sto nærare sju tonn med bakevarer i heveskåp eller i steikeomnen.

Om lag fire tonn av det var pølse- og hamburgarbrød. I tillegg blei mykje brød og bollar også kastet.

Bakeriet var utan straum i rundt to timar, men det tok nærare fem timar før bakeriet var oppe og gjekk igjen for fullt.

Då var bakevarene det administrerande direktør kallar for vrak.

Kan ha tapt fleire hundre tusen

Kor mykje straumbrotet kosta bakeriet, har han ikkje finrekna på enno. Han trur summen blir stor.

– Økonomisk er det alvorleg. Det er nok eit par hundre tusen kroner det er snakk om, utan at vi har det konkrete talet på det enno, seier Halvorsen.

Dei klarte å bake inn igjen det tapte, slik at butikkhyllene ikkje var tomme dagen etter.

Men, det kosta.

Bakehuset HeBa, Brumunddal

Bakehuset tapte både mat og pengar på straumbrotet.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi måtte bruke 4–5 ekstra produksjonstimar. Det er kostbart. Vi måtte bruke nye råvarer som har stor verdi, det går med meir energi også har vi folk vi må betale overtid for å få produksjonen på plass, seier Halvorsen.

I tillegg måtte dei ha støtteproduksjon frå bakeriet i Oslo for å få fylt opp butikkhyllene. Bakehuset leverer varer til butikkar i Norgesgruppen, som til dømes Kiwi, Spar, Meny og Joker.

I tillegg står bakeriet i Brumunddal for store delar av produksjonen av hamburgarbrød og pølsebrød.

Bakehuset er Noregs største bakeri med 11 lokale bakerier som dekker store deler av Noreg. Bakehuset eigast av Norgesgruppen og lager bakevarer til andre Kiwi, Meny og Joker.

Kjøleskap

De beste tipsene for å redusere matsvinn hjemme

– Trist at mat blir kasta

– Det er trist at så mange tonn endar opp som matsvinn, seier Mette Nygård Havre, leder for folkebevegelsen «Spis opp maten».

Brød og bakevarer er blant det hushaldningane kastar aller mest av.

Ho synest det er rart at et så stort bakeri ikkje har nokre nødløysingar ved straumbrot når det får så store konsekvensar.

Mette Nygård Havre er leder av folkebevegelsen spisoppmaten.

STORE KONSEKVENSAR: Mette Nygård Havre, leder for folkebevegelsen Spis opp maten synast det er rart at bakeriet ikkje har nokre nødløysing når eit relativt kort straumbrot får så store konsekvensar.

Foto: Spisoppmaten

– Eg har aldri høyrt om noko liknande, men håper at det ikkje er vanleg at driftsstans som dette førar til at mykje mat blir kasta der det blir produsert mat, seier ho.

Ho forstår at bakevarene ikkje lenger var egna for menneskemat, og at det endar opp som grisemat.

– Likevel reknast det som matsvinn når det blir til dyrefôr og det vil ha minst mogleg av, seier ho.

Har ingen nødløysing

Straumbrotet skyldast ein kabelfeil som førte til at 1.415 var utan straum i Brumunddal fredag.

– Det skjedde ein teknisk feil på linja, men vi kopla om og alle hadde fått straumen tilbake etter drygt to timar, seier Cecilie Gregersen, kommunikasjonsrådgjevar i Elvia.

Halvorsen kan ikkje hugse at det har skjedd noko liknande uventa på den måten tidlegare.

– Det skjer at e-verket eller kommunen tek straumen, men då blir vi varsla om det og kan planlegge produksjonen deretter. Dette var noko som skjedde akutt, seier han.

– Har de ikkje nokre nødløysingar dersom straumen går?

– Nei, vi har ikkje det. Desse omnane krev så mykje energi at vi har ikkje rigga med aggregat for å køyre inn om straumen går. Då er vi litt sjakkmatt, seier han.

Blir til grisemat

– Maten vart vrak som vi ikkje kan sende ut til butikkar og forbrukarar, seier Halvorsen.

Han understrekar at dei prøver så godt dei kan å ikkje kaste mat.

Dei sju tonna med bakarvarer som vart vrak, skal mette magar, men ikkje folk.

– Dette gjekk inn i fôrproduksjonen til grisar, seier han.

– Det er ikkje bra, men det er ei ålreit løysing når det først vart som det vart. Det er slik vi handterer alt svinn i brød. Vi hentar retur frå butikkar kvar einaste dag som ikkje blir selt. Det tek vi tilbake også går det inn i fôrproduksjonen til grisar. I eit miljøhjul er et bra at vi får til det, framfor at det blir kasta, seier Halvorsen.

Jarle Sheikh Piil, matsvinn ved Scheen Matservice i Skien kommune

Norsk teknologi avslører matsvinn i Europa: – Enormt kuttpotensial